min største ekspedisjon i sommar! September 13, 2009
Ferda starta på p-plassen i breadalen kl 10 i dag. Målet var å ta på Nigardsbreen. Etter 2 timar gange med trekking stavar og eit ukjent tal pausar nådde eg målet. Turen stod til forventningane, eg fekk sjå blåis, fine elvar og spreke breførarar!
Vatn ja…. September 1, 2009
Det er vatn i elvane me ynskjer oss, i dag fekk me jammen viljen vår!
Han Olav i Grov er 50 år i dag, han dressa seg opp og feira dagen på kafeen til Laila. Til lukke med dagen!
22. – 24. Juni June 25, 2009
Endeleg klarte mamma og eg å somle oss til å ta turen over fjellet og besøke tante Maria på Lesja.
På vegen både til og frå måtte me sjølvsagt stoppe på Lom. For skrubbsvoltne sjeler kan me anbefale Bøverdalsbiffen på Nordal. Isen hjå Brimien smakar fortreffeleg på ein varm sommardag!
På Lesja stod tanta på trappa og tok i mot oss, sprek som alltid! Ved frukostbordet dagen etterpå var det tid for å bestemme kvar me skulle reise og ete middag. Valet stod mellom Åndalsnes og Oppdal, så me landa på Røros! Fantastisk plass å gå og kike! Har lagt ved nokre bilete av spreke damer:)
20. Juni June 20, 2009
På programmet i dag stod kontroll hjå super-ortopeden Jellestad på sjukehuset i Lærdal. Det gjekk no greit føre seg, eg er godt nøgd med kneet mitt etter at han vølte det, og då bør no han vere nøgde og! Men ikkje nok med det; Jellestaden hadde då sjølvsagt tenkt på å gje meg ein tur til Lærdal midt i Lærdalsmarknaden, slik at eg kunne få bruke opp litt peng. Så det heile enda med at eg halta frå bod til bod og kjøpte både det eine og det andre. Det vart speka elg og reinskjøt i ulike variantar, geitost, heimelaga sjokolade, armband og øyrepynt.
Danseglede i vigdalen June 16, 2009
Sidan eg aldri hadde vore i skulehuset i Vigdalen nytta eg i kveld høvet til å vitje dei glade dansarane. Stemninga var på topp og kommentarane sat laust. Flinke til å danse var dei og!
Bondeliv May 27, 2009
Endeleg kan eg leike sauebonde, i alle fall nesten!
Jan Kåre buførte sauene sine opp i Bjørkehaugen i kveld, snille Einar bar dei lamba som ikkje ville gå sjølv!
Tek og med eit bilete av potesettinga i Svori, får håpe avlinga blir stor.
-tykkjer nesten at fenalåret mitt har fått ein bismak i kveld!
17.Mai i Jostedalen May 18, 2009
Før turen gjekk til samfunnshuset måtte eg sjølvsagt innom breheimsenteret og drikke kaffi. I kakedisken stod det flotte kaker. Damene på kjøken var i full sving med auser og knivar, medan Peder ikkje lot seg stresse av 17. Mai.
Sidan det var 17 år sidan forrige gong eg tok bilete av Mona og Frode utanfor samfunnshuset var det på tide å ta eit nytt. Men viss de ser attende til innlegget 14. April så ser de at dei har ikkje endra seg mykje på desse åra!





















































